søndag, desember 22, 2024

Al Jazeera-journalistar arresterte i Somalia

To journalistar frå TV-stasjonen Al Jazeera, og sjåføren deira og ein lokal journalist, er arrestert i Somalias hovudstad Mogadishu. Det opplyser den nasjonale organisasjonen for journalistar i Somalia (Nusoj). Det var somalisk sikkerheitspersonell som tok journalistane tysdag morgon.

Generalsekretær i Nusoj, Mohamed Ibrahim Moalimu, fortel at dei no har bede den nasjonale etterretningstenesta NISA om å forklare kvifor journalistane er arrestert.

– NISA-sjefen seier at dei jobbar med å gi oss fleire detaljar, seier han. (©NPK)

[adsenseyu2]

Latest news
Related news
error: Digniin: Ha isku dayin in copy gareyso wararka aan daabacno. Waan kula soconaa.
0
Would love your thoughts, please comment.x
()
x