Qaman muuse: Fransk og tysk har ei høgare stjerne enn urdu og somalisk

0
170
Adjunkt Qaman Musse meiner at ein høyrer mest om dei negative sidene ved fleirspråklegheit i norsk offentlegheit. Foto: Framtida.no

Eg meistrar tre språk. Det er somalisk som er morsmålet mitt. Norsk som andrespråk og så har du engelsk som tredjespråk, forklarar Qaman Musse på kav stavangersk.

Framtida møter han på Universitetet i Oslo etter førelesninga med François Grosjean, professor emeritus ved Université de Neuchâtel i Sveits.

Professoren, som har fordjupa seg i fleirspråklegheit, definerer ein fleirspråkleg som «ein som kan to eller fleire språk – eller dialektar».

I høve den europeiske språkdagen 26. september er Grosjean på Universitetet i Oslo for å halde føredrag om fleirspråklegheit og den norskætta amerikanske språkforskaren Einar Haugen (1906-1995).

– Du må ikkje bli fødd med to språk. Éi av mange mytar om fleirspråklegheit er at du må ha foreldre som snakkar eit anna språk, men du kan bli fleirspråkleg kva tid som helst. Dei fleste born startar som eittspråklege, forklarar Grosjean til ein fullsett sal.

Blir elevar med nynorsk i opplæringa smartare enn bokmålselevar? Les innlegget!

Somalisk morsmål
I denne salen sit ungdomsskulelærar Qaman Musse, som tek årsstudium i norsk som andrespråk (NOAS) på universitetet.

Då Musse kom til Noreg frå Somalia var han nesten 9 år og hadde lært å lese og skrive i heimlandet. Han hadde morsmålsopplæring gjennom heile barneskulen og heime gjekk det på somalisk.

– Eg vaks opp med åleinefar. Pappa snakka nokre gongar norsk, men eg foreslo at han byta om til somalisk fordi han beherska det betre, ler Musse.

– Eg vil sei at eg er veldig sterk i begge språka, men nokre gongar når eg forklarar ting på norsk for elevane mine i klasserommet, så står eg fast. Då likar eg å bruka andre språk, som engelsk. Eg brukar aldri somalisk. Men norsk er jo eit språk som eg lærte etter at eg var ni år gamal, så eg kjem aldri til å bli like god som andre, forklarar Musse.

35-åringen har mor frå Eritrea, men fordi han aldri lærte språket, kjenner han at han ein viss distanse til det eritreiske samfunnet.

– Det har noko med identitet å gjera. Eg blir litt fattigare fordi eg ikkje kan det andre morsmålet mitt.

Dynamisk språkutvikling
– Ein har jo valfag fransk, tysk, italiensk og spansk på skulen. Det har jo ei høgare stjerne enn urdu og somalisk, seier Musse, som trur at lærarar med fordel kan ta inn andre minoritetsspråk i undervisninga.

Læraren trur at det kan gje desse elevane ei positiv oppleving av fleire av språka som finst i den norske skulen. 

I Noreg er kvar tredje elev fleirspråkleg, men likevel vert fleirspråklegheit sjeldan trekt fram som ein ressurs, viser ei undersøking frå 2015. Språkrådet, som bestilte undersøkinga, meiner at elevane i grunnskulen bør få undervisning i fleire språk enn norsk og engelsk tidlegare enn dei gjer i dag.

LES OGSÅ: Lite framandspråk i skulen: Kva kostar det oss?

Kulturkonflikt
Ifølgje Grosjean er kulturkonflikten, som ofte følgjer med det å vere fleirkulturell, den verkelege utfordringa for fleirspråklege.

– Å vere fleirspråkleg er nesten lett, men å vere fleirkulturell kan vere tøffare. Når ein endrar miljø, endrar ein òg språket. Mange trur gjerne at ein endrar oppførsel, men dette skjer òg med eittspråklege. Me endrar språket etter situasjonen, seier Grosjean.

Musse opplevde ei identitetskrise i ungdomsåra. Etter å ha vekse opp med berre etnisk norske vener i Stavanger møtte han i ungdomsåra fleire med somaliske røter. 

– Eg ser jo litt annleis ut enn majoritetsbefolkninga. Eg tenkte mykje over: er eg norsk eller somaliar først? Eller er eg begge delar? seier Musse, som landa på sistnemnde.

Han har likevel kjent litt på at han skifta identitet med språket. 

– Når eg snakkar norsk har eg ei litt rolegare tone. På somalisk blir det kanskje litt meir trykk på orda, litt maskulint og røffare. Eg føler meg kanskje litt meir dominant når eg snakkar somalisk. Folk høyrer kanskje litt etter då, seier Musse, som trur det har med tonefallet å gjera

 

Les hele artikkelen her: Framtida.no 

[adsenseyu2]

Subscribe
Notify of
guest

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

0 Comments
oldest
newest most voted
Inline Feedbacks
View all comments