lørdag, april 20, 2024

Firda.no: Dunia fra Somalia kom til finalen i modellkonkurranse

I mars var Dunia Abdi frå Svelgen ei av 700 jenter som meldte seg på konkurransen om å bli frontfigur for Jan Thomas sitt sminkemerke.

Konkurransen var arrangert av Jan Thomas Studio Cosmetics og Vita, i samarbeid med magasinet Elle og Klikk.no. Premien var å bli det nye ansiktet og hovudmodellen til Jan Thomas sin makeup-serie i 2017 og 2018, i tillegg til ein fotoshoot og fire siders beautyserie i Elle.

Men ein halv time før påmeldingsfrista gjekk ut, sendte ho likevel av garde ei påmelding, med info og bilde av seg sjølv. Og Dunia gjekk rett til finalen

Allereie dagen etter fekk eg beskjed om at eg var i finalen, som ein av 20 deltakarar. Men eg tok det eigentleg ikkje så seriøst, fortel ho.

Finalen var lagt opp slik at ein kunne røyste på finalejentene på nettsida til konkurransen, og ein av dei fem med flest røyster ville vinne heile konkurransen.

Les saken videre her: Firda.no

[adsenseyu2]

Latest news
Related news
error: Digniin: Ha isku dayin in copy gareyso wararka aan daabacno. Waan kula soconaa.
0
Would love your thoughts, please comment.x
()
x