Urix(NRK): Etiopia -blodig opprør i stadig meir lukka land

0
119

Uroa i Etiopia har fått lite merksemd i Europa, trass i at rundt 500 menneske er drepne under demonstrasjonar mot styresmaktene det siste året.

Det er over 90 ulike etniske grupper i Etiopia. Oromoane og Amharane er dei største, og utgjer rundt 60 prosent av innbyggjarane. Demonstrantane kjem i stor grad frå desse to folkegruppene. Dei fleste i makteliten kjem frå Tigrean-folket, som representerer seks prosent.

-Flyktar frå Etiopia

Demonstrsjon mot regjeringa i Etiopia. Demonstrantar ropar slagord mot regjeringa under ein demonstrasjon i Bishoftu i Etiopia 2. oktober. Uroa har ført til at mange no flyktar frå Etiopia til flyktningleiren Dadaab i Kenya. Samstundes er Etiopia eitt av dei landa i verda som tek mot fleste flyktningar. Fleire hundre tusen menneske har søkt tilflukt der frå blant anna Somalia og Sør-Sudan.

Regjeringa i Addis Abeba har gitt egyptiske og eritreiske styresmakter skulda for at dei har vorte nøydde til å innfør unntakstilstand, den første i Etiopia på 25 år. Talsmann for den etiopiske regjeringa, Getachew Reda, skuldar Kairo for å trene og finansiere Oromo-frigjeringsfronten. Etiopiske styresmakter ser på Oromo-fronten som ein terrororganisasjon.

Egyptiske styresmakter avviste seinaste sist veke at landet støttar dei etiopiske opprørarane. Forholdet mellom Egypt og Etiopia er dårleg, mykje på grunn av krangel om vassressursane i Nilen.

Les hele artikkelen på norsk her og se vedio: NRK-URIX

[adsenseyu2]

Subscribe
Notify of
guest

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

0 Comments
Inline Feedbacks
View all comments